Fjellsundag ved Tesse er ei utflukt med fokus på kunst, tradisjon og mat. På ein busstur med oppstart på kyrkjevollen i Lom, vil Torunn Kjøk guide oss gjennom fotspora til forfattarar og målarar som har funne inspirasjon i naturen og kulturen her. Vi køyrer via Lia, Nordherad og Vågåmo til Nordsetra og Brimi sæter ved fjellvatnet Tesse. Her vil Trygve Hesthagen fortelje om historia til det tradisjonsrike fjellvatnet, før det blir servert «Skråpå-tå» på setra.
Brimi sæter har vore i tradisjonell drift så lenge folk kan hugse, og fleire stadar rundt Tesse er det funne buplassar frå steinalderen. Eigarane Hans og Ola har i nyare tid vidareutvikla seterdrifta med tilbod om overnatting og seterkafé. Spesialiteten «Skråpå-tå» er blant tilboda som byr på ei stemningsfull oppleving, der gjestane får smelte prisvinnande seterost på heimesmidde bordgrillar ved langbordet på låven.
Fjellsundagen går føre seg 4. august, 10.30 til 15.30