Terje jobbar til dagleg som prosjektleiar og produksjons- og IT-ansvarleg i avisa Fjuken. Terje er oppteken av at vi skal ta vare på dialekta og kulturarven vår. Dette har resultert i at det store verket om talemålet i Lom og Skjåk, skrive av Asbjørn Dagsgard, har fått ei omfattande revidering og utviding. Avisa Fjuken, med Terje i spissen, fekk innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til å digitalisere talemålet i Lom og Skjåk. Han har hatt med seg fleire, m.a. lektor Erling Langleite, til å få prosjektet i havn.
På Diktardagar 2022 skal Terje delta på Litteraturseminaret med foredraget: «Digitaliseringa av dialektboka til Asbjørn Dagsgard».