Martin Steinum Brun frå Vågå er songar med bakgrunn både frå klassisk og folkemusikalsk tradisjon, og vart i 2019 tildelt kulturstipendet i heimbygda for satsinga si innan klassisk musikk. Han har jobba både som solomusikar og i ulike ensemble, til dømes i kvedartrioen Rakkarpakk. Etter to år med klassisk skolering har han no konvertert til folkemusikklinja på Norges Musikkhøgskole og er nyfiken på å utforske sin lokaltradisjon frå Vågå i Gudbrandsdalen og vidareformidle denne. Martin skal delta på Litteraturseminaret på Diktardagar 2022.