Audhild Solberg er opphaveleg frå Sauland i Telemark, men bur i Oslo, der ho har jobba i forlagsbransjen og som forfattar av barne- og ungdomsbøker gjennom ei årrekke. Solberg har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Ho vart tildelt ARKs barnebokpris både for første boka om Superbitchene, «Kampen mot superbitchene», i 2014, og for spenningsboka «Harpa» i 2019. Audhild skriv på både nynorsk og bokmål, og bøkene hennar er omsette til fleire språk. I 2022 er ho aktuell som turnéforfattar på Diktardagar.
Foto: AKAM1K3