Laster kart ....
Adresse
Lom kyrkje
Lom
2686
Lomskyrkja er ei av dei største stavkyrkjene som framleis står i Norge. Analyse av trevirket viser at kyrkja truleg vart bygd ca. 1160. Kyrkja har vore påbygd fleire gonger, men innvendig er alle søylene,, bogane og Andreaskrossane som er så karakteristiske for stavkyrkjene, teke godt vare på. Lomskyrkja er den mest besøkte stavkyrkja i Norge utanom museumskyrkjene. Kyrkja er òg nytta til konsertar. I samband med Diktardagar er det gjerne messe med tema knytt til vårt program.