Terje Kleiven (f. 1950) er sakprosaforfattar, busett på Lalm i Vågå. Han er tidlegare bygningsarbeidar og rekneskapsførar, har vore aktiv idrettsmann og har fleire tiårs klatreerfaring bak seg. Kleiven er òg politikar for SV. Han satt tre periodar i kommunestyret i Vågå, og frå 2001 til 2005 representerte han SV på fylkestinget i Oppland. Under Dikatrdagar deltek han på litteraturseminaret med foredraget Ivar Kleiven. Historikar, folkeopplysar og nybrottsmann.