Stein Torleif Bjella er frå Ål i Hallingdal. Han er visekunstnar og har gjeve ut fire soloalbum. Det fyrste albumet «Heidersmenn» kom i 2009 og vart svært godt motteke. Han har vore nominert til Spelemannsprisen fleire gongen, og vart tildelt prisen i 2011. Av andre prisar han har innkassert er Prøysenprisen, Bendiksenprisen og Kulturprisen for Ål kommune. Stein Torleif Bjella held intimkonsert på Brimibue fredag under Diktardagar.