Sigrun Slapgard (f. 1953) voks opp i Fron i Gudbrandsdalen. Ho er journalist, forfattar og nynorskforkjempar og har blant anna arbeidd i NRKs utanriksredasjon, rapportert heim frå krigane i Kosovo og Irak og vore programleiar for utanriksmagasinet Urix. Sigrun vart nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for biografien om krigsreportaren Lise Lindbæk (2002). I 2007 kom biografien Dikterdronningen. En biografi om Sigrid Undset. I 2013 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen Englestien. I 2020 vart ho igjen nominert til Brageprisen for dokumentarboka Eit hemmeleg liv. Spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst. Sigrun Slapgard deltek på litteraturseminaret på Diktardagar med foredraget Den historiske romanen. Kristin Lavransdatter frå Jørundgård i Sel.