Kari Grøsland (f. 1977) er oppvaksen i Vågå. Ho er utdanna lærar og har i tillegg folkemusikkutdanning frå Rauland. Ho jobbar på Loar skule i Lom og har vore felelærar på musikk- og kulturskulen og på mange ulike kurs. Under Diktardagar opptrer ho for bebuarane på Vågåheimen laurdag og som ei av Tufskrøkjun på festkvelden i Lom laurdag.