Helga Flatland (f. 1984) vaks opp i Flatdal i Telemark. Ho debuterte i 2010 med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må som ho vart belønna med Tarjei Vesaas’ debutantpris, Ungdommens kritikerpris og P2-lytternes romanpris for. I 2011 kom den frittståande oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, og trilogien vart avslutta med Det finnes ingen helhet i 2013. Etter trilogien har ho skrive romanane Vingebelastning (2015), En moderne familie (2017) og Et liv forbi (2020). Ho har også skrive noveller og bøker for barn.
Under Diktardagar deltek Helga Flatland på bokbad på seminaret for ungdom der to elevar frå den vidaregåande skulen i Lom skal samtale med ho om Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Ho besøkjer Lom folkebibliotek laurdag føremiddag og deltek på bokbadet på Fossberg laurdag kveld.