Atle Hansen (f. 1954) er journalist, forfattar og visesongar. Han bur på Stord der han arbeider som journalist i avisa Sunnhordland. Han debuterte som forfattar i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Sidan har han skrive ei rekkje bøker, flest for barn, men han skriv òg for ungdom og vaksne. Han turnerer mykje for Den kulturelle skulesekken der han opptrer både som forfattar og musikar. På Diktardagar skal han på skuleturné og besøkje 6. klassene i Lom, Skjåk og Vågå. Han skal også ha ein minikonsert på Diktardagarmiddagen på Fossheim.