Sol i skuggeskog er ei musikkgruppe som består av musikarane Einar Lian-Børgum (gitar/vokal), Ingrid Lian-Bjørgum (vokal) og Øyvind Sandum (trekkspel/vokal). Gruppa er etablert på Oppdal, men har sterke røter i Vågå. Øyvind Sandum er fødd og oppvaksen i Vågå, og Einar har budd i Vågå i 16 år. Namnet «Sol i Skuggeskog» og tekstene deira er henta frå diktsamlingane til Øyvinds onkel, Finn Sandum. Under Diktardagar opptrer Sol i skuggeskog på festkvelden laurdag