Magnhild Bruheim (f. 1951) voks opp i Skjåk og bur nå på Lillehammer. Ho er forfattar og journalist og har tidlegare arbeidd som radio- og tv-journalist i NRK Oppland. Magnhild debuterte som forfattar i 1997 med kriminalromanen Varselet. Seinare har ho gjeve ut fleire kriminalromanar med handlinga lagt til bygdemiljø for barn, ungdom og vaksne. Ho har også gjeve ut to dokumentarromanar. Magnhild er fast leiar av bokbadet under Diktardagar. I år deltek ho også med foredraget Bruk av segner og historie frå Gudbrandsdalen i litteraturen på litteraturseminaret laurdag.