Ingar Sletten Kolloen (f. 1951) er fødd og oppvaksen på Kvam i Gudbrandsdalen. Han er journalist, redaktør og forfattar og ein av våre fremste biografar. Han debuterte som biograf i 1999 med Berre kjærleik og død, ein biografi om Tor Jonsson. I 2003 og 2004 kom biografiane om Knut Hamsun, Hamsun – Svermeren og Hamsun – Erobreren. Sidan har han skrive fleire biografiar og romanar. Ingar er i haust bokaktuell med bind 2 av trilogien om Noreg under krigen. Fyrste bind kom i 2019. Bind 2 kjem i oktober. Under Diktardagar held han årets Tor Jonsson-foredrag og talar på festkvelden laurdag.