Are Sende Osen (f. 1970) er journalist, humorist og programleiar kjend frå radioprogrammet Are og Odin som han leiar saman med Klaus Sonstad. Kongerekka er den nye populærvitskaplege podkast-serien hans der han tek for seg den norske kongerekka. I haust er han aktuell med boka om kongerekka. Han deltek på Diktardagar i høve 1000-årsjubileet for kristninga av Noreg med føredrag om kongane på litteraturseminaret, seminaret for ungdom og på bokbadet.