Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett i Svartskog i Oppegård kommune. Han debuterte i 2003 med romanen «Nyryddinga», og for denne vart han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttaranes romanpris. Han har skrive fleire romanar og skodespel. I 2018 kom han med diktsamlinga «Med øksene dei haustar inn». Hausten 2020 er han aktuell med biografi om Kjell Aukrust.