Ragnar Hovland er fødd i 1952 og er forfattar, omsetjar og musikar. Han er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur gjennom fleire tiår, full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar. Skrivinga syner stor fabuleringsevne og ein burlesk humor som grensar mot det absurde. Og han har ein usvikeleg sans for dei ikke heilt veltilpasse i samfunnet. Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Deretter har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar og for alle aldrar. Han har motteke mange litterære prisar for forfattarskapet bl.a. Kritikarprisen, Melsomprisen, Brageprisen. I 2012 mottok han Aschehougprisen for sitt «fantastiske forfatterskap». Dei mest kjende bøkene er Sveve over vatna, Ei vinterreise, Åleine i Alpane og 1964. Ragnar Hovland er også musikar og musikkvitar og spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane. Ragnar er valt til festivalforfattar under Diktardagar 2013 og deltek på ei rekkje arrangement bl.a. Bokbad, opplesingar, program for barn på Lom folkebibliotek, opning av bokstabbur på Skultbakken og på seminaret.