Oddmund er fødd i 1968 i Trondheim. Han er cand.philol. i nordisk språk og litteratur og skreiv hovudoppgåve om nasjonalisme i norsk målstrid 1848 – 1865 og har ph.d. i historie frå 2009 der han skreiv doktoravhandling om målreising og modernisering i Norge 1885 – 1940. Han har vore forlagsredaktør i Det Norske Samlaget (1996 – 2000) og leiar i Noregs Mållag (1999 – 2002). Han er for tida høgskulelektor ved HSF Under Diktardagar deltek han på seminaret med føredraget Språk i nasjonsbygginga – kampen for nynorsk i dag.