Mari Skeie Ljones frå Lillehammer er utdanna felespelar ved Norges Musikkhøgskole. Ho har m.a. vore med i gruppene Filibuster, Salikatt og Anton Ruud & the wrong way home, samt spelt med artistar som Camilla Granlien og Janne Hea. Under Diktardagar deltek ho saman med Anna Kleiva på seminaret med foredraget Møte mellom diktar og musikar. Desse to opptrer også saman på festkvelden.