Inge Gjevre er fødd i 1976, oppvaksen i Vågå og nå busett på Lillehammer. Han er folkemusikar med føtene godt planta i den norske folkemusikktradisjonen. Han spelar torader og trekkspel og fjuskar litt på gitar og piano. Under Diktardagar skal han opptre saman med Trond Klaape på Skultbakken i Vågå med Var eg ein Gud, dikt av Hans Børli, Tor Jonsson, André Bjerke m.fl.