Geir er fødd i 1974, opprinneleg lomver, nå busett i Skjåk der han jobbar innan skuleverket. Geir har sin musikalske bakgrunn frå gamaldansgrupper som «Huskestugu» og «Ramstadstråndingein», og spelar i hovudsak gitar. I 2008 ga han ut soloplata «I sjøldæle», eit godt gamalt ord for å sitja i sine eigne tankar. Under Diktardagane deltek Geir på Olav Øygard-programmet på Grimstadøygard i skjåk laurdag 3. august kl. 18.00