(f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige, som ho vart tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond for. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. I 2014 gav Basso ut vaksenromanen Finne ly. Basso er utdanna historikar og bur i Oslo. Under Diktardagar 2017 vitjar ho ungdomskulane i Lom, Skjåk og Vågå.