Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han står bak Jotunheimen underholdning som har vore involverte i ei rekke ulike framsyningar gjennom fleire år. Endre har erfaring frå Kristinspelet på Sel, og Teater Innlandet. Han har vore kulturskulerektor i Sel, dramalærar ved fleire av kulturskulane i regionen, og prosjektleiar for ungdomsmusikalen «Hair» på Otta. Han har vore med på fire cd-produksjonar knytt til diktarar i Ottadalen: Diktarplager, Hamsunplager, Nordalsnissane rører jula inn, samt «Snigla som sykla», basert på barnedikt av Jan-Magnus Bruheim. Endre vart tildelt Diktardagarprisen for 2018.