Wilhelm kom til Lom som lærar. Han har studert målarkunst i Oslo og Paris, og har hatt mange utstillingar både i Noreg og i utlandet. Vi i Diktardagar set stor pris på at han ville vera Diktardagar-utstillar i år. Han viser om lag 40 bilde i ein serie han kallar Livsveven – lengt og lagnad. Wilhelm finn inspirasjon i naturen, kulturen, folkemusikken og hos diktarane i Lom.