Britt Karin Larsen er forfattar som har ein stor produksjon bak seg. Ho har bl.a. gjeve ut diktsamlingane 5 mg blues og andre dikt (1978), Ørkenhagen (1991) og Å finne en skog (2000) og romanene I ly for regnet (1990), Ormens øye (1993), Som snøen faller (1995) og Munnen i gresset (1996). Historien om livet og kulturen til taterane har hun behandla i den kritikarroste trilogien De som ser etter tegn (1997), De usynliges by (1998) og Sangen om løpende hester (1999). Ho mottok Ossietzky-prisen i 2000 fordi hun har gjeve taterane ei stemme. Seinare romanar er bl.a. Det kan komme fine dager (2002) og Fortellinger om kjærlighet (2003). Dei siste fire romananeDet vokser et tre i Mostamägg (2009), Himmelbjørnens skog (2010), Som steinen skinner (2011) og Før snøen kommer (2012) er historiske romanar frå 1800-talet frå grenseområdet mellom Hedmark og Värmland og handlar om minoriteten skogfinnane. Britt Karin Larsen skal delta på Bokbadet laurdag kl. 20.00 på Fossberg.