Bjørn Sigurd Glorvigen er fødd i 1972 og er folkesongar frå Dovre, nå busett i Oslo. Utdanninga si har han frå Universitetet i Oslo (Storfag musikk 2001) og Norges Musikkhøgskole (Bachelor folkesong 2010). Karriera starta med visejazz-bandet Østenfor Sol som nytta tekster på dialekt av dovrediktarane Vegard Vigerust og Ragnar Solberg. Bjrøn Sigurd er hovudansvarleg for oppsetjinga av Olav Aukrusts Himmelvarden som har urframføring under Diktardagar. Han deltek også på Vårt musikalske morsmål. Samling om bånsull og songleik.