Torstein K. Garmo er gardbrukar i Garmo og næraste granne til Garmostrædet og Hamsunstugu. Han har stor interesse for Knut Hamsun og lokal historie. Torstein var med og stifta Knut Hamsun-laget i Lom i 1997, var styreleiar i fleire år og er nå kasserar. Han er òg vararepresentant til styret i Diktardagar. Torstein har vore med i planlegging og gjennomføring av fyrst Hamsundagane og seinare Diktardagane i Ottadalen.