Seterkonsert på Billingen

Sol i skuggeskogSundag blir det vandring på Diktarstigen på Billingen i Skjåk med kaffi, biteti og seterkonsert med Sol i skuggeskog etterpå. Bandet Sol i skuggeskog såg dagens ljos i Oppdal i 2010 og består av musikarane Ingrid Lian-Bjørgum,
Øyvind Sandum og Einar Lian-Bjørgum. Bandnamnet og tekstane er henta frå ei diktsamling av Skjåk-diktaren Finn Sandum. Bandet kler opp lyrikken med ein varm og klår vokal og eit leikent og lett akkompagnement av gitar, trekkspel, fele, kontrabass og perkusjon. Ta turen til fjells sundag og få med deg ein seterkonsert i Bruheim og Ørjasæter sitt rike!