Sponsorer
Takk òg til
Årets aktørar
Sol i skuggeskog
Gripende melodier… Jordnært, melodiøst og ekte… Et vakkert album… Dette er kunst… Slik ble debutalbumet «Livet» beskrevet av norsk presse da det kom ut høsten 2013. Med albumet gjorde Sol i skuggeskog seg for alvor bemerket som et nytt og friskt tilskudd til den norske musikkscenen.
Ingar Sletten Kolloen
Ingar Sletten Kolloen er fødd 9. juli 1951 i Kvam i Gudbrandsdalen og bur nå på Lillehammer. Ingar er journalist, biograf og forfattar og har bl.a. skrive biografiar om Tor Jonsson og Knut Hamsun, båe prisløna utgjevingar.
UL Ottar Birting
UL Ottar Birting driv aktiv leikarringgruppe i Gausdal. Dei deltek på festkvelden.
Stein Versto
Stein Versto er fødd i Rauland 30. desember 1957. Han er cand. mag. frå Universitetet i Oslo med faga historie, folkeminne og musikk og har teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark.
Lars Bremnes
Lars Inge Bremnes er fødd 4. desember 1964 i Svolvær. Han er musikar og låtskrivar, bror til Kari Bremnes og Ola Bremnes som han har samarbeidd med om fleire utgjevingar.
Kirsten Bråten Berg
Kirsten Bråten Berg er fødd i Arendal 7. januar 1950. Ho er folkemusikar, visesongar og sylvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er blant dei mest kjende og framståande kvedarane i Norge og har nådd eit stort publikum gjennom samarbeid med musikarar frå andre musikktradisjonar.
Dagfinn Nordbø
Dagfinn Nordbø (f. 1957) er utdannet barnevernspedagog, gikk senere over til reklamebransjen og ble deretter kjent som tekstforfatter i mange formater. Han har levert satiriske sketsjer og sangtekster på radio, bl.a. som fast bidragsyter til «Hallo i uken» i over 20 år.
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven er ein norsk forfattar og taleskrivar i samferdselsdepartementet. Ho fekk Brageprisen for klassen skjønnlitteratur i 2013 for diktsamlinga Urd.
Johan Mjønes
Johan B. Mjønes (fødd 1976) er ein norsk forfattar og skribent frå Orkanger. Johan debuterte i januar 2009 med romanen Terminalhastighet på Aschehoug forlag, og foreles nå på Aschehougs forfatterskole. I august 2010 ga han ut sin andre roman Orkanger.
Mari Eide Lindsheim
Mari Eide Lindsheim (13) er busett i Skjåk og er aktiv innan song og musikk på fritida. Mari deltek under Diktardagar på Olav Øygard-programmet i Grimstadøygard laurdag og på opninga av Diktarstigen på Billingen søndag.
Mari Skeie Ljones
Mari Skeie Ljones frå Lillehammer er utdanna felespelar ved Norges Musikkhøgskole. Ho har m.a. vore med i gruppene Filibuster, Salikatt og Anton Ruud & the wrong way home, samt spelt med artistar som Camilla Granlien og Janne Hea.
Camilla Granlien
Camilla Granlien er fødd i 1974 på Hamar og er folkesonger og artist. I 2008 kom Camilla Granlien Band sin kritikarroste CD Jarnnetter. Tekstene er skrive av Tor Jonsson og Olav Aukrust og melodiane er tradisjonelle folkeviser og nykomponerte viser av Camilla Granlien og Anders E. Røine.
Jarnfrid Kjøk
arnfrid er fødd i 1947. Ho kjem frå Garmo i Lom og bur nå i Oslo. Ho har bl.a. gjeve ut bøkene «Ei spelmannssoge» (1995) saman med faren Erling Kjøk, om folkemusikk og spelmenn frå distriktet.
Inge Eidsvåg
Inge Eidsvåg er fødd i 1947 på Hitra er en norsk forfattar og lektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Inge Eidsvåg er utdanna cand.philol.med hovudfag i historie. Han har arbeidd som lærar i grunnskule og gymnas, og rektor ved Nansenskolen.
Norsk kvedarforum
Norsk kvedarforum ved Kvedargruppe i Lom – Skjåk – Vågå står for prosjektet Barn i lokal songarv. Tiltaket er retta mot alle seksåringane i Ottadalen og inneber eit songmøte i barnehagen før sumarferien og ei læringsøkt i fyrsteklasse under Diktardagar, fredag 2. september.
Magnhild Bruheim
Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom.
Georg Buljo
Georg Buljo er kjent som gitarist, komponist og produsent mellom andre for georgMari Boine, Niko Valkeapää og har samarbeidd med store norske musikarar som Odd Nordstoga, Lars Bremnes og Jan Eggum.
Susanna Wallumrød
Susanna Wallumrød er kvinna bak artistnamna «Susanna and the Magical Orchestra», «Susanna» og «Susanna Wallumrød». Ho har sidan 2004 gjeve ut musikk på uavhengige selskap som Rune Garmmofon, Grappa Musikkforlag og gjennom sin eigen label Susanna Sonata.
Knut Olav Åmås
Knut Olav Åmås er fødd 19. januar i 1968 i Mo i Rana, men voks opp i Odda. Han har studert idéhistorie, administrasjon og organisasjonsvitskap og har hovudfag i filosofi (1996) og doktorgrad i medievitskap (2005), begge frå Universitetet i Bergen.
Anna Kleiva
Anna Kleiva er fødd 13. mai 1985. Ho er forfattar frå Vinstra og debuterte i 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar. Ho har studert litteraturvitskap, teke forfattarstudiet i Bø og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Ane Dahl Torp
Ane Dahl Torp er fødd 1. august 1975 i Bærum og bur nå i Oslo. Ho tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole (1996 – 1999). Ho har vore tilsett ved Teateret Vårt i Molde og ved Det Norske Teateret i Oslo sidan 2002.