Tom Stalsberg

Tom Stalsberg (fødd 1957) er journalist og forfattar. Han er journalist i kulturavdelinga i Dagbladet. Tom debuterte som lyrikar i 2009 med The Electric Blue Café – ørretbrev fra undergrunnsvegetasjonen (Aschehoug forlag), ei diktsamling som hausta mange positive omtaler. Stalsberg har òg skrive dikt saman med Lars Saabye Christensen og saman har dei gjeve ut Min Buick er lastet med (2012) og Men Buicken står her fremdeles (2010) med bilete av Lars Eivind Bones. Saman med Saabye Christensen og musikarane Knut Reiersrud og Stian Carstensen, har dei siden 2010 gjennomført i overkant av 120 konsertar i heile Norge. Hausten 2012 gjennomførte Buicken ein turné i USA til dei seks norske sjømannskirkene. Stalsberg har og skrive Født med ski på beina (2012), som eigentlig er ei handbok i kunsten å gå sakte på ski.

Under Diktardagar spelar Tom ei svært sentral rolle, og han opptrer saman med Levi Henriksen på opplesingar i Lom og Vågå, med Den kulturelle spaserstokken på aldersheimen i Lom og fredag kveld kl. 22.00 blir det Nordicana på Nordalsfjoset Pub med Henriksen, Stalsberg og The men they couldn’t shave.