Stein Versto er fødd i Rauland 30. desember 1957. Han er cand. mag. frå Universitetet i Oslo med faga historie, folkeminne og musikk og har teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark. Han har gjeve ut både novellesamling, diktsamlingar og roman, har omsett litteratur og skrive tekstar til ymse artistar. Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar. Under Diktardagar deltek han på festkvelden og på seminaret med foredraget Frå Paddington Station til Frøken Franzen – låtskriving frå ein forfattars ståstad.