Ruth Lillegraven er ein norsk forfattar og taleskrivar i samferdselsdepartementet. Ho fekk Brageprisen for klassen skjønnlitteratur i 2013 for diktsamlinga Urd.
Forfattarskap
Lillegraven debuterte i 2005 med Store stygge dikt. Forfattarkollega og forleggar Nils Øivind Haagensen skal ha vore til inspirasjon i arbeidet hennar med dei forteljande prosadikta i debutsamlinga. Andreboka hennar kom seks år seinare. Romanen Mellom oss er ei episk slektshistorie. Det same året gav Lillegraven ut ei biletbok for barn. Sidan har ho gitt ut ei diktsamling kvart år, og fekk mykje merksemd for Manilahallen. Diktsamlinga har ei verkeleg historie til grunn. Den er basert på livet til den første norske kvinna som sto ope fram med anoreksi.
Bibliografi
Manilahallen (Dikt, Tiden, 2014)
Urd (Dikt, Tiden, 2013)
Mari og Magnus og smokketjuven – bildebok, illustrert av Inger Landsem (Barnebok, Samlaget, 2012)
Mari og Magnus flyttar inn – bildebok, illustrert av Inger Landsem (Barnebok, Samlaget, 2011)
Mellom oss (Roman, Tiden, 2011)
Store stygge dikt (Dikt, Tiden, 2005)
prisar
Bokbloggernes åpen klasse-pris 2014 for Urd
Brageprisen 2013 for Urd
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst Fond 2012
Karlsvik, Mette. (2014, 18. desember). Ruth Lillegraven. I Store norske leksikon. Hentet 15. januar 2017 fra https://snl.no/Ruth_Lillegraven.