Ingar Sletten Kolloen er fødd 9. juli 1951 i Kvam i Gudbrandsdalen og bur nå på Lillehammer. Ingar er journalist, biograf og forfattar og har bl.a. skrive biografiar om Tor Jonsson og Knut Hamsun, båe prisløna utgjevingar. For Berre kjærleik og død fekk han Melsomprisen (2000) og for arbeidet med Knut Hamsun-biografien fekk han Den norske leserprisen (2004). Han har også skrive romanen Den fjerde engelen og to drama for teater, Berre kjærleik og død (1999) og Jeg kunne gråte blod (2004). Han har vore journalist i ulike aviser, redaktør i Dagningen og i Den Norske Bokklubben og leiar for planlegginga av kulturprogrammet under OL på Lillehammer. Til hausten er han aktuell med ny roman, Den tomme plassen i vitrineskapet. På Diktardagar deltek han på Bokbadet med smakebitar frå denne.