Brit Bildøen

Brit Bildøen (f. 1962), oppvaksen i Aukra og busett i Oslo, er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). I 2018 kom boka «Tre vegar til havet», som skildrar avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere med eit menneske.