Damer i D-dur

Damer i D-dur er ein sekstett frå Vågå og Lom som har sunge saman i eit tiår. Dei er ei acapellagruppe som leikar seg innanfor fleire sjangrar, både folkemusikk, folkrock, pop og bluegrass. Aktørane er Ingunn Munch Lindvig, Thea Dalen, Torunn Elise Kveen, Siri Aase, Mona Aabakken og Kristine Sørlie. Under Diktardagar 2020 vil dei framføre frå «Den gløymde songskatten», som er eit innsamlings- og dokumentasjonsprosjekt som tek føre seg vokal folkemusikk frå Vågå. Det er Hildegunn Hovde som står bak dette prosjektet