Sponsorer

Takk òg til

Diktardagane 2014 vil ha grunnlovsjubileum og nasjonsbygging som hovudtema under seminaret. Vi markerer også 100 årsjubiléet til Jan-Magnus Bruheim. Det blir konsert, pubkveld, Jonsson-foredrag, festkveld og bokbad. Sundag blir det historisk vandring i Lom sentrum før det berst til fjells.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad
Foto: Kristian Hosar

Fredag kveld kjem Sigrid Moldestad «heim» med Jan-Magnus Bruheim-songane. Fredag kveld blir det konsert i Skjåk kyrkje. Sigrid kom i vår ut med den kritikarroste plata «Brevet til kjærleiken» der ho framfører tekster av Jan-Magnus Bruheim. Etterpå blir det Diktarmiddag og pubkveld på Nordalsfjoset med Jon Hjørnevik med gitarist. Hjørnevik er bokaktuell med «Heimekontor i gravferda», ei ny og etterlengta bok for den store fanskaren.

«Einig og tru til Dovre fell!» Under seminaret laurdag formar vi slagordet som eit spørsmål. Har ikkje nettopp nasjonsbygginga skjedd gjennom kamp og usemje? Var vi ikkje også ein nasjon før 1814?  Vi vil kaste ljos over dette ved hjelp av landets fremste historikarar og statsvitarar, og trekkje fram store stridsspørsmål om religion, kongedøme og EU-røystingar. Vi vil sjå på Norge og nasjonsbygginga med lokale briller og med eit utanfrå-perspektiv. Dei som deltek på seminaret er:

– Professor Øistein Rian: Om nasjonsbygging
– Professor Frank Aarebrot: Havet, ikkje fjellet bygde landet
– Lokalhistorikar Ivar Teigum: – – og fjella sjølv ropte høgt hurra?
– Journalist og tidlegare stortingsmann Stein Ørnhøi: Og vi sa Nei, Nei, Nei.

Det blir Tor Jonsson-foredrag med Gard Espeland, festkveld med blant andre Stein Ørnhøi, Rolf Groven, Jotunheimen underholdning, Hemsing & Hansegård (FRIKAR) før vi avrundar kvelden med bokbad.

Sundag berst det til fjells med tur til klimaparken Mímisbrunnr og Elveseter før Diktardagar rundar av med geologisk og kulturhistorisk vandring i Lom sentrum.