Ein kulturhistorisk busstur oppover Bøverdalen tek oss med til Mimisbrunnr klimapark. Vi går inn i isen, 6000 år attende i tid. Elveseter byr på nasjonalromantisk målarkunst og orientering om Eidsvollmonumentet eller Sagasøyla.
09.00: Fjellmuseet – funn i fjellheimen.
09.30: Kulturhistorisk busstur til Juvasshytta.
10.30: Avgang frå Juvasshytta til Mimisbrunnr Klimapark 2469
12.30: Avreise til Elveseter.
13.15: Enkel servering og orientering om kunstskattane på Elveseter.
14.00: Sagasøyla.
14.30: Avreise til Lom.
Påmelding innan 7. august kl. 16.00. Det må vera minst 20 betalande for å gjennomføre turen. Turen frå P-plassen ved Juvasshytta er ca. 900 m. Det er laga gangbane heilt fram til isen, så det er lett å gå.
Ta på gode sko og varme klede.