Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap

Til fjells! 

I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort i uminnelege tider. Holberg, Wergeland, Ibsen , Grieg, – alle har dei hatt sterke opplevingar og høyrd sterke historier på veg over Sognefjellet. Kva er det med fjellet? Dette vil vi prøve å kaste ljos over på Diktardagar 2019, gjennom litteratur, musikk og foredrag. Seminaret har tittelen «Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap.» Vi er glade og stolte over å samarbeide med mange dyktige vertskap på eineståande arenaer i Lom, Skjåk og Vågå. Ikkje minst er vi glade for å presentere mange lokale utøvarar på høgt nivå med mykje du aldri har høyrt eller sett før. Eller du kan bokbade med fleire av våre fremste forfattarar, eller gå på kveldskonsert med Stein Torleif Bjella. 

Velkomen til Diktardagar, til inspirasjon frå fjellet! 

Billettsalet startar 1. juli.