Innlegg av Kari Anne Skjaak
Festtale om fjellengt, synssansen, barne-TV-karakteren Tullerud og om Hjerkinn
Årets festtalar under Festkveld i Utgard er Guri Sørumgård Botheim som opphaveleg er frå Lesja. Festtala vil handle om fjellengt, om synssansen til villreinen og mennesket, litt om å forelske seg i barne-TV-karakteren Tullerud og ganske mykje om Hjerkinn. Guri er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd i bokhandel,…
Les merFjellyrisk handbok
Vi er stolte av å kunne lansere diktsamlinga «Til fjells» under Diktardagar. Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar,…
Les merFjeldeventyret og det norske sjølvbiletet
Henrik Anker Bjerregaard var sorenskrivarson frå Vågå, det var han som skreiv syngespelet Fjeldeventyret i 1824, Waldemar Thrane sette musikk til. ”Bjerregaards Skaal!” kombinerer musikken frå dette stykket med kåseri om kva det vil seie å vere norsk. Det er Mette Vårdal som har skrive tekstane, og det er også ho som framfører dei. Camilla…
Les merBrit Bildøen til årets seminar
Brit Bildøen vil delta under årets seminar på Aukrust, tittelen på innlegget hennar vil vere «Å kjempe mot vindmøller. Frå Don Quijote til Jon Utskott.» Elles vil Cato Schiøtz, Eirik Vassenden og Jan Inge Sørbø delta som innleiarar, medan Even Lusæter og Natasja Rybak saman med Josefinekoret står for dei musikalske og poetiske innslaga.
Les merLokale aktørar
Under Diktardagar i år vil ei rekke dyktige lokale aktørar bidra på ulike måtar. Aslak Brimi og Mari Midtli som held konsert på Sognefjellshytta. Endre Skjåk og Jotunheimen underholdning har premiere på ei heilt ny framsyning i Utgard. Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit stiller også med ei heilt ny framsyning som…
Les merStein Torleif Bjella kjem til Diktardagar
Årets «pubmusikar» under Diktardagar er ingen ringare enn Stein Torleif Bjella. Fredag kveld vil han halde intimkonsert på Brimibue, konserten har fått tittelen «To fjellovergangar lenger bort» sidan Bjella som kjem frå Ål i Hallingdal bevegar seg over to fjellovergangar for å kome til Lom. Billettane blir lagt ut den 1. juli, og vi har ein…
Les merBildøen, Nilssen og Løvåsen kjem til Diktardagar
Under Diktardagar vil både Brit Bildøen, Olaug Nilssen og Sigmund Løvåsen delta med opplesingar på biblioteka i Vågå, Lom og Skjåk, samt under bokbadet laurdag kveld. Det er tre sterke og aktuelle stemmer i norsk litteratur som møtast under Diktardagar.
Les merProgram sundag 1. september
10.00-15.45 Til fjells – Sognefjellet. Sognefjellet – ei inspirasjonskjelde for mange diktarar og kunstnarar. Avreise med buss frå P-plassen ved Lom stavkyrkja. Vi følgjer fara til Holberg, Asbjørnsen, Ibsen, Grieg, Gude og mange andre til Herva. Stopp ved steinbua, der Ibsen låg vêrfast sommaren 1862, og fekk inspirasjon til å skrive Brand. Vi viser stader som er knytt til segn og historier…
Les merProgram laurdag 31. august
12.00 Forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå. Gratis. 09.00–15.00 Seminar i Hagehuset på Nordgard Aukrust. Tema: Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap. 09.00 Velkomst med poetisk og musikalsk opptakt. Seminarleiar Ola Aukrust i samarbeid med Even Lusæter. 09.15 Berre stein? Vandring i natur og litteratur. Ved Cato Schiøtz. 10.00 Upp til fjells, so høgt som sky kan nå. Fjellet…
Les merProgram fredag 30. august
11.00–13.30 Utgard, Lom. Miniseminar for ungdomsskuleelevar i Lom, Skjåk og Vågå og elevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Tema: Klima. Mona Phillips frå Framtiden i våre hender. Ljosbildekåseri ved Dag Inge Bakke: Korleis klimaet endrar fjell og bre. 18.30–19.30 Norsk Fjellsenter. Opning av Diktardagar 2019 ved ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø. Boklansering Dikt om fjell – dikta er samla og redigerte…
Les mer