Det ligg an til ein framifrå festkveld i Utgard laurdag. Våre utmerka musikarar i Rimrose, Aslak Opsahl Brimi, Hildegunn Hovde, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud, opnar kvelden med tonesette dikt av lokale lyrikarar. Vi er også så heldige å ha direktøren i Fritt ord, Knut Olav Åmås, med oss. Han skal halde festtala denne kvelden.
Vidare blir det utdeling av Diktardagarprisen 2015. Anna Kleiva, Mari Skeie Ljones og Ruth Lillegraven bidreg med lyrikk og feletonar, Stein Versto, Norsk kvedarforum og elevar frå musikk- og kulturskulane i dei tre bygdene deltek. Det blir folkedans med Ottar Birting før Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes og Georg Buljo avsluttar med ein halvtimes konsert. Vi håpar på fullsett festsal på denne festaftanen! Vel møtt!