Sponsorer

Takk òg til

Edvard Hoem gjestar Hamsun- og Nobel-jubileum i Lom

Det er 100 år sidan Knut Hamsun tok imot Nobelprisen i litteratur i Stockholm.  Lom kommune markerte 75-års jubileet i 1995, og det førde til at Knut Hamsun-laget vart skipa og seinare til det som nå er Diktardagar. Nå inviterer vi på nytt til feiring av den stor forfattaren, og denne gongen i samarbeid med Diktardagar og Lom kommune.

Torsdag 10. desember markerer vi dette i Utgard kl 19.00.

På programmet har vi

  • Edvard Hoem – foredrag om Knut Hamsun
  • Hanne og Synne Kjøk – syng Om hundrede år er allting glemt
  • Regine Hamsun – les utdrag frå tekster av Knut Hamsun
  • Leif Hamsun – les Nobeltala
  • Endre Skjåk og Pål Svindland – utdrag frå Markens Grøde i ord og tonar
  • Gjelingljomen med dirigent Reidar Svare – syng
  • Lom junior spelmannslag – musikkinnslag
  • Torunn Kjøk – kva seier store internasjonalt anerkjende forfattarar om Knut Hamsun
  • Helsing frå Lom kommune, Innlandet fylkeskommune, Knut HamsunSelskapet i Noreg og i Georgia, Sérgio Calabri og Knut Hamsun-laget i Lom.
  • Kongen kjem ikkje, men det gjer kanskje kulturministeren

Alle er velkomne!
Inngangsbillett: Vaksne kr. 200.- Skuleelevar: kr 100.-

Pga smittevernreglane knytt til koronapandemien må vi ha førehandssal av billettar.  Frå måndag 16.11.2020 kl. 09.00 til og med 05.12.2020 kl. 16.00 får du kjøpt billettar på:

www.diktardagar.no                    www.lom.no

Arr.: Knut Hamsun-laget i Lom, Diktardagar og Lom kommune

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Foto: Paal Audestad

Ein smakebit frå Markens Grøde på Skultbakken

Her kjem det ein smakebit på kva vi kan vente oss på Skultbakken sundag 6. september. Skaff deg billettar før dei flyg bort! Dei kan kjøpast på diktardagar.no

Mastergrad med Kjell Aukrust

Maren Sandbakk kjem til Diktardagar for å fortelje frå masteroppgåva si «No vert det spanande! Komikk og karneval i Flåklypa Tidende». Under seminaret i Utgard laurdag 5. september er dette eit av innslaga vi kan få med oss. Maren Sandbakk er opphaveleg frå Trysil, men bur i Telemark der ho arbeider som kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Sørøst-Norge. Ho er utdanna journalist og kulturvitar, og ho er glad i å lese, strikke, køyre traktor og ete sjokolade. På seminaret elles kan vi høyre Hege Faust prate om det hamsundske ved Hamsun, Ivar Teigum som fortel om Knut Hamsun og draumen om Amerika, Ove Røsbak som tek for seg kjensal av einsemd i Hamsun sine romanar og Lars Mytting som fortel om arbeidet med romantriologien som starta med «Søsterklokkene».

Sigmund Løvåsen om Kjell Aukrust

I oktober kjem Sigmund Løvåsen med biografi om Kjell Aukrust, og laurdag 5. september kan vi høyre Løvåsen prate om boka og Aukrust på Norgard Aukrust. Forlaget Cappelen Damm skriv dette om boka: «Sigmund Løvåsen forteller varmt og innsiktsfullt om multitalentet fra Alvdal i den første brede Aukrustbiografien. Det er beretningen om en skolesvak gutt som endte med å bli landets mest leste forfatter, en aldri hvilende kreativ hjerne som kunne fremtrylle poetiske, neddempede stemningsbilder og burleske, lattervekkende overdrivelser med samme begeistring. Den erfarne forfatteren Løvåsen tegner hele bildet av et fantastisk livsløp, både den livsbejaende folkefavoritten, og den søkende og ofte usikre kunstnersjelen.» (Foto frå cappelendamm.no)

Skaff deg billettar før dei har floge bort

Hugs å skaffe deg billettar til dei spennande og innhaldsrike arrangementa under Diktardagar 2020. Det er eit avgrensa tal på billettar, og dei kan berre kjøpast via nettet i år. Gå inn på «Program og billettar» så kjem du rett vidare til billettkjøpet.

Markens Grøde på Skultbakken

I år er det 100 år sidan Nobelprisen i litteratur gjekk til Knut Hamsun for romanen «Markens grøde». Under Diktardagar 2020 framfører Endre Skjåk og Pål Svindland ei musikalsk monologframføring av verket på Skultbakken i Vågå der farslekta til Knut Hamsun kom frå, sundag 6. september kl. 13.00.

Jasså, døkk sit og glor

Fredag 4. september er Utgard arena for jubileumskveld for Kjell Aukrust. Varaordførar Marit Sletten vil opne Diktardagar 2020, Ove Røsbak vil fortelje og kåsere om Kjell Aukrust, Ole Foss vil småpludre om eigne opplevingar kring Aukrust sitt univers og Lom juniorspelmannslag spelar – Ein ekstra godbit er det at det blir det verdspremiere på Aukrust-teiknefilmane som eigentleg vart laga til OL i 1994. Det er lurt å sikre seg billettar raskt, da det blir seld berre eit avgrensa antal.

Festkveld med stor F

Årets festkveld under Diktardagar blir ein kveld med det eine høgdepunktet etter det andre. Her blir det hiphop på dølamål frå Dåm, musikk og dikt frå Frikk Gjeilo, opplesing ved Lars Mytting, festtale ved Sigmund Løvåsen, opplesing frå «Unge røyster 2020» og song frå Fjelltite. I tillegg til alt dette blir Diktardagarprisen for 2020 delt ut. Skaff deg billettar før dei er borte!

Ole Foss og Kjell Aukrust

Under jubileumskvelden for Kjell Aukrust er Ole Foss ein av dei som skal underhalde. Han vil etter eige utsegn småpludre litt om eigne opplevingar som kan stå litt i stil til Aukrust sitt univers. Ole fekk som ung gut augo opp for Kjell Aukrust sitt univers, og særleg gjennom Flåklypa Tidene-bøkene. Han hadde stor glede av både å lese og å sjå på teikningane i desse bøkene. Kjøp billettar til «Jasså, døkk sit og glor» i Utgard fredag 4. september, så får de med dykk Ole Foss og småpludringa hans. Foto: Fjuken.

Verdspremiere!

Fredag kveld vil vi ha ei eksklusiv verdspremiere i Utgard. Da skal nemleg fem teiknefilmar frå Aukrust sitt univers visast for aller fyrste gong.

Dei fem korte filmane som vart laga på teiknefilmstudioet i Lom i 1993 til OL på Lillehammer er ukjende for dei aller fleste. På initiativ frå Olav G. Henriksen sette Kjell Aukrust og hans gamle ven, den gamle Disney-animatøren Bjørn Aronsen, i gang eit unikt prosjekt med å lage nokre korte teiknefilmar med Emmanuel Desperados i hovudrolla til Lillehammer-OL. Animatørar vart henta inn frå Litauen og Kvite-Russland. Damer frå Lom gjekk på AMO-kurs for å lære seg å fargelegge teiknefilm-celler og var heilt nødvendige for produksjonen. Diverre vart aldri filmane synte under OL, og heller ikkje etter det. Men – dersom de tek turen til Utgard for å få med dykk «Jasså, døkk sit og glor» klokka 18.30 fredag under Diktardagar, er dette eitt av innslaga de vil få sjå. (Illustrasjon: Bjørn Aronsen)