Litteraturseminar Mat & målføre

Tema for Diktardagar 2022 er mat og målføre. Arne Brimi, ein av dei fremste ambassadørane både for lokal mat og mattradisjon og for dialekten vår, deltek på seminaret med føredraget Mat med identitet. I pausen bidreg han med dugurd i Presthaugen saman med BrimiBue.

I fjor skreiv Sanna Sarromaa kronikken Dialekter er djevelens og erta med dette på seg alle landets dialektforkjemparar. På seminaret deltek ho i paneldebatt med NRK-journalist Hans Andreas Solbakken og stipendiat Kirsti Lunde der dei bl.a. diskuterer bruk av dialekt i NRK.

Christine Storm Munch (1746–1825) heldt store delar av livet til i prestegarden Ullinsvin i Vågå. Der skapte ho ein heilt spesiell urtehage og samla matoppskrifter. På seminaret held fylkesarkivar Marit Hosar føredraget Christine Storm Munch si kokebok frå 1703–1806. Kva seier kokeboka om maten dei serverte ved Vågå prestegard? Her fortel ho om arbeidet med å digitalisere kokeboka på 900 handskrivne sider.

Mangeårig NRK-journalist Henry Notaker, har studert språket i kokebøker og held føredrag om dette, stipendiat Kirsti Lunde har sett på koplinga mellom ottadalsdialektane og nynorsk, og Martin Steinum Brun har studert bruken av dialekt i musikk og song med vekt på visene til Edvard Storm. Elles får vi to kortare innslag om arbeidet med digitalisering av dialektboka «Målet i Lom og Skjåk» ved Terje Randen og Ingrid Glad vil presentere boka si, Enkel kobling. Magnhild Bruheim er programleiar. Velkomne til eit variert og innhaldsrikt litteraturseminar i Utgard laurdag.

Program
09.00-09.10: Velkomen
09.10-09.30: Terje RandenDigitalisering av «Målet i Lom og Skjåk»
09.30-10.15: Kirsti LundeOttadalsdialektar + nynorsk = sant?
10.15-11.00: Arne BrimiMat med identitet
11.00-11.10: Pause
11.10-12.00: Sanna Sarromaa, Hans Andreas Solbakken og Kirsti Lunde i paneldebatt om dialektbruk kontra normalisert nynorsk/bokmål. Ordstyrar: Even Lusæter

12.00-13.30: Dugurd i Presthaugen ved Arne Brimi og BrimiBue

13.30-13.50: Ingrid Glad: Samtale med Magnhild Bruheim om boka Enkel kobling
13.50-14.10: Martin Steinum Brun: Dialekt i musikk og song med vekt på visene til Edvard Storm
14.10-14.50: Marit Hosar: Christine Storm Munch og kokebok hennar
14.50-15.00: Pause
15.00-15.45: Henry Notaker: Språket i kokebøker

Seminarleiar: Magnhild Bruheim

Utstilling av ordsamlingar frå Ottadalen.

Påmelding: https://diktardagar.no/events/litteraturseminar/

OBS: På grunn av stor interesse for debatten, går det an å kjøpe billettar til denne ved inngangen til 200 kr. Betaling med vipps.