Diktardagar 2023 – julegåveidé!

Den samfunnsengasjerte forfattaren er gjennomgangstema for Diktardagar 2023. I visetekster, skjønnlitteratur og sakprosa viser forfattarar vegval og engasjement. Vi vil vise korleis dette har endra seg med tid og tilhøve, og ikkje minst vil vi ha med oss engasjerte forfattarar og artistar i dagens samfunn.

To av desse er forfattar Åsne Seierstad og artist Halvdan Sivertsen. Laurdag 2. september blir det konsert med Halvdan Sivertsen i Utgard i Lom. Åsne Seierstad deltek på seminaret laurdag og på bokbad laurdag kveld. Billettar til dette, middag på Fossheim og tur til Klimapark 2469 er lagt ut for sal. Ein super julegåveidé!