Diktardagar 2020 – Aukrust og Hamsun

Diktardagar 2020 blir arrangert torsdag 3. til sundag 6. september.

Under Diktardagar 2020 vil vi markere to viktige jubileum; at det 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd, og at det er 100 år sidan Knut Hamsun fekk Nobels litteraturpris for Markens Grøde.

På grunn av den pågåande pandemien vil Diktardagar 2020 bli ein noko mindre festival enn vanleg, men vi har likevel eit variert program med høg kvalitet. Det vil bli ulike forfattarbesøk på biblioteka både for unge og noko meir vaksne lesarar. Laurdag vil det seminar i Utgard der dei to 100-årsjubilea vil vere viktige. Det vil også bli kveldsarrangement fredag og laurdag der det blir lokal musikk, festtaler og underhaldning. Vi kan mellom anna by på musikk med Frikk Gjeilo, og med hiphop-gruppa Dåm frå Dovre, samt underhaldning med Ole Foss. Sigmund Løvåsen kjem, og han er klar med biografi om Kjell Aukrust til hausten. Lars Mytting vil vere med, og det same vil Ove Røsbak, Rønnaug Kleiva, Audhild Solberg og fleire andre. Sundag vil dessutan Markens grøde bli framførd av Endre Skjåk og Pål Svindland på Skultbakken.

Under «Program og billettar» finn du detaljert program. Billettar blir lagt ut for sal 15. august.