Mari Eide Lindsheim

Mari Eide Lindsheim

Mari Eide Lindsheim (fødd 1999) kjem frå Skjåk. Ho syng, spelar gitar og har tonesett fleire dikt av Skjåkdiktarane Jan-Magnus Bruheim og Olav Øygard. Når det gjeld musikksjanger, er ho allsidig. Ho brukar både viser, stev og pop/rock. I 2013 fekk ho Kulturstipend/Skjåk kommune og i 2017 fekk ho Talentstipend/SpareBank1 Lom og Skjåk. I tillegg til musikken, studerer ho fysioterapi i Trondheim.