Synne Vo presse 2 (Thor Håkon Ulstad)

Synne Vo

Synne Vorkinn (fødd 1998) er songar og låtskrivar frå Lesja. Ho har studert låtskriving og musikkproduksjon på LIMPI på Lillehammer, og slo for alvor gjennom med låta Ikkje tenk på meg under artistnamnet Synne Vo i 2020. Denne låg heile 21 veker på A-lista til P3, der også fleire av songane hennar har vore kåra til Ukas låt. Synne skriv og syng hovudsakleg på dialektprega nynorsk, der ho deler historier frå eit ungjenteliv. Som låtskrivar har ho også fått høve til å skrive filmmusikk, og er m.a. artisten bak låta Gonna be alright til kassasuksessen Børning 3, ei låt som vart nominert til «Årets Synkronisering» i Musikkforleggerprisen.  No er Synne musikar på fulltid, og har signert kontrakt med plateselskapet Warner Music. På Diktardagar 2022 held Synne Konsert i Utgard.

Foto: Thor Håkon Ulstad