Ole Foss spelar fele

Ole Foss

Ole Foss frå Lom er til dagleg produksjonsrettleiar hjå Tine. Han er derimot mest kjent som musikar. Han har spelt ulike instrument sidan han var gutunge, og er mellom anna ein habil felespelar. Ole har vore aktiv innan folkemusikkmiljøet, og han har spelt i ulike band, mellom anna i LoMsk.
Mange kjenner også Ole Foss frå dei mange framsyningane til Jotunheimen underholdning, mellom anna Fake Christmas, samt Diktarplager, Sandeplager og Kvinnfolkplager. Her har han vore både musikar, songar og skodespelar.
I år deltek Foss med ei framsyning om Ragnvald Skrede på opninga av Diktardagar saman med Endre Skjåk, Lars Bakke, Reidar Svare og Rune Kjørren.