Ragnhild Kolden

Ragnhild Kolden er fødd i 1956. Ho kjem frå Bøverdalen i Lom og bur for tida i Oslo. Ragnhild er universitetetsutdanna i faga filosofi, sosialantropologi, psykologi og kristendomskunnskap. Ved sida av å skrive, jobbar ho som bokhandlar. Ho debuterte med diktsamlinga «Ho inni meg» som kom ut på Dølaringen forlag i 2001. Ho har sidan gjeve ut romanane «I krig og kjærleik» (2010), «Krigens skugge» (2012) og «Fredens frosne hjarte» (2014), ein romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigstida. I 2017 kom ho med den kritikarroste romanen «Det gode vi ikkje gjer», ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld.

Saman med krimkompanjong Vigdis Kroken har ho skrive «bygdekrim» frå Lom; «Evig skal døden vera» (2010), «Døden kjem med bussen» (2013), «Død manns kiste» (2015) og «Frosten og døden» (2018).