Rimrose

Rimrose

Fleire av dei fremste diktarane i Noreg har sitt opphav i Norddalen, og dei skildrar naturen, menneska og samtida på ekte, gudbrandsdalsk vis. Tor Jonsson, Olav Aukrust, Vegard Vigerust, Olav Øygard, Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim har alle dette til felles. Dei har skildra vinterhalvåret og kjenslene som kjem når lauvet fell og bakken vert dekt av snø. Med dette tekstgrunnlaget har Hildegunn Hovde, Aslak Brimi, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud tonesett eit utval lokale dikt. Fire ulike utøvarar frå fire grender i Norddalen med røter innanfor folkemusikk, klassisk song, folkrock, country og jazz. Dei møttest i interessa for lokal lyrikk og musikalsk skapartrong. Resultatet vart juleplata Rimrose.

Hildegunn Hovde kjem opprinneleg frå Vågå og har si utdanning som klassisk songar frå Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Aslak Opsahl Brimi er felespelar frå Lom, fødd inn i ein folkemusikkfamilie, og har sidan barndommen blitt opplært i og arbeidd med tradisjonsmusikken i dalen. Han har vore aktiv på kappleikar og stemne i ei årrekkje og vann Fele klasse A på Landskappleiken i 2014. Ole Jonny Bekkemellem kjem frå Heidal, er busett på Otta og har vore særs aktiv i musikk og teater både i og utenfor Sel kommune i mange år. Han trakterer gitar og er gitarist, voklist og låtskrivar i gruppa Von. Geir Thorud kjem opphavleg frå Sel, men har etablert seg som gardbrukar i Vågå. Han er ein aktiv bassist, trekkspelar og toraderspelemann i gammaldansmiljøet i Norddalen. Under Diktardagar møter du desse lokale musikarane på festkvelden.