Sponsorer

Takk òg til

Diktardagar er i gang!

Wilhelm BjertnesAina Basso dro i gang Diktardagar 2017 på Vågå ungdomsskule i dag. Ho presenterte årets tema «Markens grøde» og forfattaren Knut Hamsun på ein kunnskapsrik og inspirerande måte. I morgon får elevane på ungdomsskulane i Lom og Skjåk besøk av forfattaren.

I ettermiddag kl. 18.00 opnar Wilhelm Bjertnes måleriutstillinga «Livsveven – lengt og lagnad», ei utstilling som er knytt til Knut Hamsun og «Markens grøde», Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi.  Utstillinga er eit samarbeid mellom kunstnaren og Diktardagar, og i ettermiddag fortel Wilhelm meir om bilda og korleis utstillinga kom til. Utstillinga blir ståande i Utgard til 10. september.

Og på Skjåk folkebibliotek blir det stumfilm kl. 19.30, «Markens grøde» frå 1921. Sundag blir filmen sendt i Vågå

Vel møtt!

Frist for påmelding 25. aug. Diktardagarmiddag og Vera Henriksen-utflukt

25. august kl. 16.00 er frist for påmelding til Diktardagarmiddagen på Fossheim fredag og utflukta i Vera Henriksens og Bent Jonssons rike i Bøverdalen sundag.

Diktardagarmiddag
Vera Henriksen-utflukt

 

Bokbad og opplesingar

I år blir det opplesingar på kaféar i alle tre kommunane under Diktardagar. Ragnhild Kolden blir å treffe både i Lom, Skjåk og Vågå der ho les og pratar om den nye boka, «Det gode vi ikkje gjer». Jens M. Johansson skal ha opplesing og samtale med Rita Mundal på Bakeriet i Lom laurdag. Han blir også å treffe på Litterær lunsj på Lom folkebibliotek kl. 13.00 fredag, der det blir kaffi, kringle og bokprat med bibliotekarane i høve Nasjonal bibliotekdag. Dette er eit arrangement i regi av Lom folkebibliotek.

På Bokbadet er kvinnedominansen stor i år. Bademeister Bruheim skal skrubbe laus på tre kvinnelege forfattarar. Therese Tungen frå Kvam i Gudbrandsdalen har i år debutert med novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar» som ho har fått svært gode skussmål for. Med seg har ho Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med boka «Hennes løgnaktige ytre. En roman om Anna Munch». Anna Munch var sjølv forfattar og besett av kollegaen som er årets Diktardagarforfattar, Knut Hamsun. Aina Basso er tredje kvinne på laget. Basso har skrive fleire historiske romanar både for ungdommar og vaksne, og deltek også på Diktardagar med eit eige opplegg om «Markens grøde» for elevane på ungdomsskulane. Det blir boksal og signering på Bokbadet og på opplesingane.

 

Dylan på Diktardagar – Tom Roger Aadland

[et_pb_section bb_built=»1″ _builder_version=»3.0.66″ custom_padding=»0px|0px|0px|0px»][et_pb_row _builder_version=»3.0.66″ background_position_1=»top_left» background_repeat_1=»no-repeat» custom_margin=»0px|0px|0px|0px» custom_padding=»0px|0px|0px|0px» padding_top_1=»0px» padding_right_1=»0px» padding_bottom_1=»0px» padding_left_1=»0px»][et_pb_column type=»4_4″][et_pb_text _builder_version=»3.0.66″ background_layout=»light» text_orientation=»left» border_style=»solid» custom_margin=»0px|0px|20px|0px» custom_padding=»0px|0px|0px|0px»]

Vi er svært glade for at nettopp rockepoeten Tom Roger Aadland kjem til å spela ei av hovudrollene under årets Diktardagar. Aadland har gjort det meisterstykke å gjendikte fjorårets Nobelprisvinnar i litteratur, Bob Dylan, til nynorsk på ein måte som har fått sjølv dei argaste dylanologar til å ta av seg hatten. Han har gjeve ut dei to ikoniske Dylan-platene Blood On The Tracks frå 1975 som vart til Blod på spora og kom ut i 2009. I fjor kom Blondt i blondt, Dylans Blonde On Blonde, frå 1966. Aadland har motteke strålande kritikkar for platene, og Blondt i blondt vart kåra til Årets album av NRK P1 Norsk på norsk. I tillegg har han eit stort repertoar med eigne songar. I sommar er han ute med ny singel, «Sommaren utan ende», som i følge musikkjournalistar er den beste sommarsingelen på norsk på år og dag.

Tom Roger Aadland blir med oss på Pubpoesi på Nordalsfjoset fredag. På Markens grøde-seminaret laurdag skal han trekkje liner mellom tekstene til dei to Nobelprisvinnarane Knut Hamsun og Bob Dylan, og festkvelden i Utgard laurdag blir avslutta med Tom Roger Aadland-konsert. Vi gler oss stort til at Tom Roger Aadland skal innta Ottadalen og Diktardagar! Enn så lenge får de ein liten smakebit med «Eg må ha deg», Dylans «I want you», frå albumet Blondt i blondt:

[/et_pb_text][et_pb_video _builder_version=»3.0.66″ src=»https://youtu.be/fx_8iySedmI» play_icon_color=»#5b8f9e» /][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]

Norges 57. morsomste mann til Diktardagar

I år har vi gleda av å ha med oss Are Kalvø, Norges 57. morsomste mann, på Diktardagar. Are deltek med kåseri på arrangementet i Vågå kulturhus fredag og bidreg med underhaldning under Diktarmiddagen på Fossheim seinare same kveld. I følge Are er alt vi treng å vite om han at han er fødd 31. desember 1969 på Stranda på Sunnmøre og at han bur i Oslo. I tillegg har han ei imponerande liste å vise til som innheld 14 bokutgjevingar, merittar på scene, radio, TV, som spaltist og innan musikk. OBS! Det vart først annonsert at Are skulle delta på festkvelden i Lom laurdag, men på grunn av kollisjon med premiere på Det Norske Teatret, blir det Vågå fredag i staden. Uansett tid og stad gler vi oss stort over at Are Kalvø er med på årets Diktardagar!

 

Livsveven – lengt og lagnad

Måleriutstilling – Wilhelm Ruud Bjertnes
Tematiske bilde knytt til Markens Grøde av Knut Hamsun, Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi
Utstillinga opnar i Utgard torsdag 31. august kl. 18:00 og stengjer sundag 10. september kl. 17:00.
Skuleklasser og andre interesserte kan avtale tid med kunstnaren for omvising.
Utstillinga er eit samarbeid mellom kunstnaren og Diktardagar 2017.